Av Anette Østmo Farstad, seksjonsleiar i Seksjon for arbeidstid
Dagens Næringsliv har gjennom fleire oppslag sett på arbeidstidsordningane i konsulentbransjen. Nokre selskap beskriv ein praksis der nyutdanna blir tilsett i særleg uavhengige stillingar utan krav på overtidsbetaling. Andre fortel om ordningar der overtid er innbakt i fastlønn, og der tilsette får «avkjøling» etter periodar med lange arbeidsdagar.
Sjølv om dei nytilsette er ambisiøse, flinke og ønsker å jobbe mykje, er det arbeidsgivaren sitt ansvar å sørge for at arbeidstida er både forsvarleg og innanfor grensene i loven. Nyutdanna skal ha ein arbeidskvardag som er helsefremmande, og som rustar dei til mange tiår i arbeid.
Arbeidsmiljøloven set tydelege rammer for talet på overtidstimar og for utbetaling av overtidstillegg. Tilsette i leiande og særleg uavhengige stillingar kan bli unntatt frå arbeidstidsreglane, men dette er stillingar som berre skal brukast unntaksvis. Nyutdanna vil normalt ikkje bli tilsett som leiarar og kvalifiserer svært sjeldan til særleg uavhengige stillingar.
Ei særleg uavhengig stilling er ei stilling der arbeidstakaren er tydeleg og openbert sjølvstendig eller uavhengig når det gjeld korleis og når arbeidsoppgåvene skal gjerast. Mellom anna skal ein kunne påverke fristar og andre føresetnader for arbeidet og ha myndigheit og reell moglegheit til å delegere oppgåver til andre.
Mange kan ha stor fridom i arbeidet utan at det inneber den grada av sjølvstende som krevst for å ha ei særleg uavhengig stilling. At arbeidstakarar ønsker å lære mykje på kort tid, er ivrige og ønsker å oppnå eit godt resultat, speler ikkje inn i vurderinga. Kor høg fastlønn dei får, speler heller ikkje inn.
Fagforeiningar som Econa, Tekna, NITO og Juristforbundet har alle gjennomført lønnsundersøkingar der dei har spurt om overtidsbetaling blant nyutdanna. I dei ulike undersøkingane svarte mellom 27 og 35 prosent at dei ikkje hadde krav på overtidsbetaling i sin første jobb. Tala er høge og vitnar om at mange arbeidsgivarar har ein praksis som bryt med det lovgivaren har meint at unntaksreglane skal brukast til.
Arbeidsmiljøloven er ein vernelov. Arbeidstidsreglane i arbeidsmiljøloven skal sikre at tilsette har ei arbeidstid som ikkje påfører dei eller den nærmaste familien deira helsemessige eller sosiale belastningar. Tilsette skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og dei skal kunne stå i full stilling heilt fram til pensjonsalderen.
Uansett stillingstittel skal arbeidstidsordninga vere fullt forsvarleg. For å kunne vurdere om ei arbeidstid er forsvarleg, er leiaren nøydd til å ha god kontroll på korleis den enkelte tilsette jobbar.
Arbeidstakarar som ikkje har ei leiande eller særleg uavhengig stilling, skal registrere arbeidstida og følge rammene for maksimal arbeidstid per dag og veke, arbeidsfri per dag og veke og overtidsarbeid.
Arbeidstakarane har rett til eit overtidstillegg på minst 40 prosent for overtidsarbeid. Arbeidsgivaren og arbeidstakaren kan avtale at arbeidstakaren skal avspasere overtidstimane, men kan ikkje avtale at arbeidstakaren ikkje skal få utbetalt overtidstillegget. Lovkravet om minst 40 prosent overtidstillegg skal kompensere arbeidstakaren for den ekstra belastninga overtidsarbeidet inneber, men er også meint å skulle medføre ein ekstrakostnad for arbeidsgivaren for å redusere bruken av overtid.
Leiarar som er i tvil om stillinga er leiande eller særleg uavhengig, skal falle tilbake på hovudregelen om at arbeidstidsreglane gjeld. Arbeidstidsreglane er fleksible og kan dekke mange behov i verksemda utan at arbeidsgivaren treng å bruke desse stillingskategoriane.
Denne artikkelen er hentet fra Arbeidstilsynet
Kilde: https://arbeidstilsynet.no