Tobakksskadelova stiller krav om eit røykfritt arbeidsmiljø, også for skodespelarar, scenearbeidarar og musikarar.
– Lova gir likevel moglegheit til å søke dispensasjon dersom behovet er ein viktig del av det kunstnariske uttrykket i ei film-, tv-, eller reklameinnspeling, sceneshow eller teateroppsetting, seier senioringeniør Conny Tove Bruun i Arbeidstilsynet.
Unntaket gjeld berre for urtesigarettar og e-sigarettar utan nikotin.
Enklare å søke riktig
No har Arbeidstilsynet gjort det enklare å søke riktig, ved å synleggjere krava som gjeld og kva søknaden må innehalde.
Det gjer søkeprosessen ryddigare og kan gi raskare saksbehandling.
Søk i tide!
– Det er likevel verdt å merke seg at vi vi ikkje gir dispensasjon bakover i tid (med tilbakeverkande kraft). Søkaren må derfor søke i god nok tid til å få svar før innspelinga eller oppsettinga startar. Saksbehandlinga til Arbeidstilsynet tar vanlegvis rundt tre veker, seier Bruun.
Slik søker de om dispensasjon
På arbeidstilsynet.no finn de informasjon om
- krava for å få dispensasjon frå tobakksskadeloven
- kva søknaden må innehalde
- korleis de skal sende søknaden til Arbeidstilsynet
Denne artikkelen er hentet fra Arbeidstilsynet
Kilde: https://arbeidstilsynet.no