Fafo-rapporten Hvordan fungerer innkjøp av renholdstjenester i proffmarkedet? er bestilt av Treparts bransjeprogram renhold, som er eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet og Arbeidstilsynet.
– Delar av reinhaldsnæringa har i lang tid hatt utfordringar når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår, HMS-standardar og arbeidstid. Vi ønskte meir kunnskap om korleis proffmarknaden og kjøparane av reinhald vurderer forhold som kan ha noko å seie for lønns- og arbeidsvilkår for reinhaldsarbeidarane, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Færre sjekkar om reinhaldsfirmaet er offentleg godkjent

I tillegg til at pris blir ganske høgt vektlagd i både offentleg og privat sektor, viser undersøkinga blant anna at det har vore ein nedgang i talet på verksemder i privat sektor som svarer at dei sjekkar om dei som leverer reinhaldet, er offentleg godkjende av Arbeidstilsynet. I 2016 var det 77 prosent som svarte at dei undersøkte dette, i 2020 har dette sokke til 68 prosent.
30 prosent av bedriftene i privat sektor svarer i 2020 at dei ikkje kjenner til godkjenningsordninga i det heile. Dette er på same nivå som i 2016.

– Alle verksemder som tilbyr reinhaldstenester, skal vere godkjende av Arbeidstilsynet, og det er forbode å kjøpe reinhaldstenester frå verksemder som ikkje er godkjende. Dette gjeld også private kjøp av reinhaldstenester, minner Vollheim om.

To enkle grep frå dei som kjøper reinhald, kan bety mykje for dei som jobbar i bransjen.
– Innkjøparane må sjekke at reinhaldsfirmaet dei skal inngå kontrakt med, er godkjent av Arbeidstilsynet, og dei må kontrollere at reinhaldsarbeidarane har HMS-kort, seier Trude Vollheim.

64 prosent har ikkje sjekka lønns- og arbeidsvilkår

Innkjøparar har ei informasjons- og påsynsplikt. Det inneber at kjøparen – i kontrakten med reinhaldsleverandøren – skal informere om lønns- og arbeidsvilkår, og at dei skal ha system og rutinar for å undersøkje at dei tilbyr sine tilsette lovlege (allmenngjorde) lønns- og arbeidsvilkår.

I privat sektor svarer 64 prosent at dei ikkje har sjekka lønns- og arbeidsvilkåra, mens tre av ti i det offentlege svarer det same.

Fleire i privat sektor kjenner til HMS-kortet

Kjennskapen til HMS-kortet har auka blant private innkjøparar. Det var 45 prosent som kjende til ordninga i 2016. Dette har auka til 55 prosent i 2020.
I offentleg sektor svarer fire av ti at dei kjenner til ordninga.
I privat sektor oppgir 60 prosent av dei som kjenner til godkjenningsordninga, at dei har kontrollert at reinhaldsarbeidarar hos dei har eit slikt kort. Dette er på same nivå som i 2016.

Kjøparane kan bidra til at bransjen blir meir seriøs

Delar av reinhaldsbransjen er prega av useriøse aktørar. Det gjer konkurransesituasjonen vanskeleg for dei som driv seriøst. Lange arbeidsdagar og ulovlege lønns- og arbeidsvilkår har i mange år prega arbeidskvardagen for mange reinhaldsarbeidarar.
– Det er viktig at dei som kjøper reinhaldstenester, forstår at dei har ei svært viktig rolle i å bidra til meir seriøsitet i reinhaldsbransjen. Det gjer dei ved å kjøpe tenester lovleg frå godkjende reinhaldsverksemder. Det kan dei enkelt sjekke på www.arbeidstilsynet.no/renholdsregisteret, oppmodar Vollheim.

 

Fakta om rapporten Hvordan fungerer innkjøp av renholdstjenester i proffmarkedet?

  • Rapporten er initiert av Treparts bransjeprogram renhold og Arbeidstilsynet
  • Utgangspunktet var eit ønske om å sjå nærmare på korleis reinhaldsmarknaden i den såkalla proffmarknaden fungerer. Det vil seie innkjøp av reinhald frå offentlege og private verksemder.
  • Rapporten tar blant anna for seg om pris er avgjerande for kva reinhaldsfirma som får tilbodet, om det er forskjellar mellom offentleg og privat sektor, om innkjøparane har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket og påsynsplikta, bruk av standardkontraktar og utforming av kontraktar.
  • Bakgrunnen er blant anna utfordringar knytte til kritikkverdige lønns- og arbeidsvilkår, som manglar i HMS-standardar og arbeidstid, og dessutan manglande kunnskap hos innkjøparar om gjeldande lover og reglar.
  • Fafo har blant anna gjennomført spørjeundersøkingar blant innkjøparane i proffmarknaden, gjort ein analyse av offentlege utlysingar av reinhaldsoppdrag i den nasjonale kunngjeringsdatabasen for offentlege innkjøp (Doffin), hatt kvalitative intervju hos reinhaldsverksemdene, gjort casestudiar hos to store verksemder som kjøper reinhaldstenester, og dessutan hatt workshop med partane i arbeidslivet og Arbeidstilsynet og intervju med leverandørar i reinhaldsbransjen.

Denne artikkelen er hentet fra Arbeidstilsynet

Kilde: https://arbeidstilsynet.no