- Sjølv om bransjen samla sett har blitt flinkare til å følgje regelverket, viser tilsyna at mange av verksemdene har hatt ei auke i konsentrasjonen av mjølstøv. Fleire ligg over grenseverdiane som er satt. Det er særleg dei små og mellomstore verksemdene som treng å jobbe meir systematisk med denne problematikken, særleg med tanke på ventilasjon, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Utsatt bransje

Bakerastma har vore og er framleis eit stort problem i bransjen. Bakarar har faktisk to, til tre gonger større risiko for astma og nesebetennelse enn resten av befolkninga. Det var bakgrunnen for at Arbeidstilsynet gjennomførte over to hundre tilsyn i bakeri i løpet av 2017 og 2018, der hovudmerksemda var på nettopp mjølstøv. Målet med tilsyna var å redusere risikoen for å verte sjuk eller få plagar av mjølstøv på jobb, men også å auke medvite omkring førebygging.

Betring etter første tilsynsrunde

Bransjen har sjølv jobba systematisk over ei lengre periode for å betre arbeidsmiljøstandarden og rapporten til Arbeidstilsynet slår fast at mykje er blitt betre dei siste åtte åra. Bakeria har blitt flinkare til å følgje regelverket, både med tanke på kartlegging og risikovurdering.

På tilsyna såg ein også at bakeria har blitt betre til å bruke reingjeringsmetodar som kan bidra til å redusere eksponering av mjølstøv. I tillegg har den konkrete mjølstøsvkonsentrasjonen i bakeria blitt redusert med  0,28 mg/m3 i snitt. Det er ein liten, men signifikant nedgang.

Les heile oppsummeringsrapporten frå tilsyna i bakeria her

Kontaktperson

Hilde Austrheim

Nasjonal koordinator for industrinæringa

454 29 870

Denne artikkelen er hentet fra Arbeidstilsynet

Kilde: https://arbeidstilsynet.no