Heilkroppsvibrasjonar er mekaniske vibrasjonar som blir overført til heile kroppen frå maskiner og køyretøy, både gjennom sete og golv. Ifølge Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er ca. 4 prosent av arbeidstakarane i Noreg utsette for heilkroppsvibrasjonar ein betydeleg del av arbeidsdagen. Desse 4 prosentane utgjer om lag 90 000 personar.